Folk i Aalesund // Splitkonsert og dans med Britt Elise Skram og Ferdafolk
mars
20.

Folk i Aalesund // Splitkonsert og dans med Britt Elise Skram og Ferdafolk

Aalesund Folk Festival fortsetter konsertserien “Folk i Aalesund” 2026 med «Splitkonsert og dans med Britt Elise Skram og Ferdafolk» – ein kveld som feirar tradisjonsmusikken gjennom både spel, nærleik og levande rytme.

På scena står Britt Elise Skram, ein av Romsdals mest markante felespelarar med tradisjonsmusikken frå Møre og Romsdal som sitt hovudfokus. Ho er utdanna ved Norges Musikkhøgskole og har utvikla eit sterkt og personleg spel der dei vare folketonane, fine valsar og spenstige springarar står i sentrum. Britt Elise er mykje nytta som soloutøvar, spelar ofte til dans – og har fleire gongar toppa resultatlister på kappleikar og festivalar. I 2024 kom hennar nyaste solo-plate DÅM, som vart nominert til Spellemannprisen i klassa tradisjonsmusikk.

Saman med Britt Elise står Ferdafolk – Ingunn Linge Valdal og Knut Ivar Bøe – ein duo med fantasi og «fanteri», melodiøst og sprellande uttrykk. Dei har gjennom mange år funne si heilt eiga måte å framføre lokal slåttemusikk på, og med historier, leik og humor bles dei liv i gamle tonar frå Storfjord-området og gjev dei ny energi på scena.

Denne kvelden kjem både Britt Elise og Ferdafolk til å ta publikum med inn i eit rikt musikalsk univers der det tradisjonelle møter kreativitet, og der både konsert og dans står i fokus. Publikum kan sjå fram til ei kveld der musikken blir både presentert og festa til – eit levande møte mellom fortid og notid.

Dørene opnar: 18:00
Konsertstart: 19:00

Vis arrangement →
Folk i Aalesund // Konsert og dans til Per Bolstad sine slåttar
jan.
25.

Folk i Aalesund // Konsert og dans til Per Bolstad sine slåttar

Aalesund Folk Festival opnar konsertserien "Folk i Aalesund" 2026 med «Konsert og dans til Per Bolstad-slåttar» – ein kveld som løftar fram musikken gjennom både forteljing og levande spel. På scena står Håvard Svendsrud, landskjend trekkspelar og drivkrafta bak plateselskapet Aksent. Det blir plateslepp av ny Bolstad-plate frå aksent denne kvelden !

Saman med Håvard står Arne M. Sølvberg – ein av våre mest meritterte formidlarar av tradisjonsmusikk. Dei tek publikum med inn i eit rikt musikalsk univers og gir slåttene nytt liv, med tydeleg forankring i tradisjonen og eit uttrykk som verkeleg svingar. Svendsrud og Sølvberg blir også med vidare og spelar til dansen etterpå.

Etter konserten blir det dans, med fleire sterke innslag som held golvet i gang utover kvelden. Fjelljom Spelemannslag med Arne Sølvberg i spissen startar dansen, så blir det bygdedans frå Møre og Romsdal med toraderspelar Marius Berglund – eit levande og rytmisk spel med trøkk i kvar tone og danseglede i kvar takt. Gruppa TA avsluttar ballet med runddansmusikk frå Sunnmøre og Romsdal. Dei består av Britt Elise Skram på fele, Odd Kåre Olafsen og Kristina Farstad Bjørdal på trekkspel, Bernt Hansen på bass og Trond Salthammer på gitar.

Dørene opnar: 17:00
Konsertstart: 18:00

Vis arrangement →
Folk i Aalesund presenterer: Opningskonsert og minglekveld
okt.
28.

Folk i Aalesund presenterer: Opningskonsert og minglekveld

Velkommen til første konsert i konsertserien Folk i Aalesund, i regi av Aalesund Folk Festival

Denne kvelden blir det opningskonsert og minglekveld – som markerar den offisielle opninga av konsertserien Folk i Aalesund. Der publikum får eit glimt av kva som ventar frå Aalesund Folk Festival og konserserien i tida framover.

Geir Marius Thorud & Øystein Rudi

Geir Marius Thorud er spelmann, tradisjonsberar og allsidig musikar på torader, trekkspel og kontrabass. Han har vener og samarbeid over heile Norden, og er kjend som både gardsarbeidar og hestekøyrar. Kvar vinter dreg han med Fron Lasskøyrarlag gjennom Rondane og Østerdalen til Røros – sjølvsagt med trekkspel på lasset.

Øystein Rudi er spelmann og kulturgardbrukar på Rudi Gard, med eit langt liv i levande kulturformidling. Han var med og skipa Sør-Fron Spelemannslag på 1970-talet, har tre Landskappleik-sigrar og fire Spellemannsprisar, og har òg vore direktør for Gudbrandsdalsmusea.

Britt Elise Skram & Kristina Farstad Bjørdal

På fele og trekkspel løftar Skram og Bjørdal fram meisterverk av Hilmar Alexandersen og Per Bolstad – noko av det finaste i norsk tradisjonsmusikk. Med varm feletone og tett samspel skaper dei ei oppleving som både rører og riv. Musikalsk forbrødring på tvers av distrikt har lange tradisjonar, og duoen fører arven vidare med konsert i lune omgjevnader på Fabrikken Kulturscene.

Jan Beitohaugen Granli

Ein av landets mest meritterte hardingfelespelarar, med røter i Valdres og med eit særprega tonespråk. Han har vunne Landskappleiken fleire gonger og er kjend for både meisterleg spel og formidlingsevne.

Stefan Olsen

Han er ein erfaren musikar med røter i rock og visepop, men med stor fascinasjon for folkemusikk frå mange land. Han har over 30 år bak seg på scenen, og stiller denne kvelden både som arrangør, sceneeigar og artist. Han kan til og med et par av låtene til Øystein Rudi fra før!

Smeis

Lokalt band med frisk energi, rytme og samspel – og med ein fot i både folkemusikk, jazz og populærmusikk. Bandet er sammensatt av musikarar frå mange sjangrar og spelar folkemusikk dei likar på sin måte.

Vis arrangement →

Vil du være frivillig?

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit, sed do eiusmod tempor incididunt ut labore et dolore magna aliqua. Ut enim ad minim veniam, quis nostrud.