Tilbake til alle arrangementer

Folk i Aalesund // Splitkonsert og dans med Britt Elise Skram og Ferdafolk

  • Fabrikken kulturscene 20 Molovegen Ålesund, Møre og Romsdal, 6004 Norway (kart)

Aalesund Folk Festival fortsetter konsertserien “Folk i Aalesund” 2026 med «Splitkonsert og dans med Britt Elise Skram og Ferdafolk» – ein kveld som feirar tradisjonsmusikken gjennom både spel, nærleik og levande rytme.

På scena står Britt Elise Skram, ein av Romsdals mest markante felespelarar med tradisjonsmusikken frå Møre og Romsdal som sitt hovudfokus. Ho er utdanna ved Norges Musikkhøgskole og har utvikla eit sterkt og personleg spel der dei vare folketonane, fine valsar og spenstige springarar står i sentrum. Britt Elise er mykje nytta som soloutøvar, spelar ofte til dans – og har fleire gongar toppa resultatlister på kappleikar og festivalar. I 2024 kom hennar nyaste solo-plate DÅM, som vart nominert til Spellemannprisen i klassa tradisjonsmusikk.

Saman med Britt Elise står Ferdafolk – Ingunn Linge Valdal og Knut Ivar Bøe – ein duo med fantasi og «fanteri», melodiøst og sprellande uttrykk. Dei har gjennom mange år funne si heilt eiga måte å framføre lokal slåttemusikk på, og med historier, leik og humor bles dei liv i gamle tonar frå Storfjord-området og gjev dei ny energi på scena.

Denne kvelden kjem både Britt Elise og Ferdafolk til å ta publikum med inn i eit rikt musikalsk univers der det tradisjonelle møter kreativitet, og der både konsert og dans står i fokus. Publikum kan sjå fram til ei kveld der musikken blir både presentert og festa til – eit levande møte mellom fortid og notid.

Dørene opnar: 18:00
Konsertstart: 19:00

Forrige
Forrige
25. januar

Folk i Aalesund // Konsert og dans til Per Bolstad sine slåttar