HUGA
HUGA er ei speleglad gruppe med røter i toradertradisjonen og eit særleg hjarte for låttar frå Valdres. Gruppa består av Tom Kjetil Tørstad, Torjus Tørstad og Vegard Thon på torader, Jostein Hillestad på kontrabass og Reidar Dahle på gitar.
I HUGA står takt, driv og framdrift sentralt – musikken skal få dansarane til å flyte lett over golvet. Sjølv om HUGA er ei relativt ung gruppe, har musikarane mange timar med spel og samspel bak seg. Tom Kjetil Tørstad har lang erfaring både frå tevling og komponering, medan Vegard Thon har markert seg som ein svært solid spelemann. Torjus Tørstad har fleire gode plasseringar i juniorklassa og har toraderspelet godt planta i blodet.
Tom Kjetil Tørstad og Jostein Hillestad har musisert saman i nærmare 35 år, medan Reidar Dahle bidreg med drivande gitarspel og den framdrifta som kjenneteiknar HUGA.
Namnet HUGA kan omsetjast med «å ha lyst». Det passar godt for ei gruppe der alle medlemmane har meir enn gjennomsnittleg lyst til å spele – og under Aalesund Folk Festival tek dei med seg spelegleda når dei spelar opp til dans.