Ålesund Kammerkor

Ålesund Kammerkor vart stifta i 1980 og har gjennom meir enn fire tiår vore ein sentral del av kormiljøet på Sunnmøre. Koret har hovudvekt på klassisk europeisk korlitteratur og eit allsidig repertoar som spenner frå kyrkjemusikk og folkemusikk til klassiske storverk og nyare a cappella-musikk.

I 1995 gav koret ut albumet Songen langs fjorden, med 15 religiøse folketonar henta frå bygdene langs Storfjorden på Sunnmøre. Stordalingen Odd Johan Overøye henta fram tonane frå ei rekkje eldre kjelder og arrangerte dei for kor og instrument. Utgivinga rommar mellom anna folketonar frå Stordal, Sykkylven og Sjøholt, og denne lokale songskatten har sidan vore ein tilbakevendande del av repertoaret til koret.

Gjennom åra har Ålesund Kammerkor hatt ei omfattande konsertverksemd både i Noreg og utanlands, og har delteke under Festspillene i Bergen og urframført verk av mellom andre Kjell Flem, Egil Hovland, Helge Førde og Magnar Åm.

hovudkonserten under Aalesund Folk Festival får vi høyre Ålesund Kammerkor, som tek med seg den rike folketonetradisjonen frå Sunnmøre inn i festivalprogrammet.

Neste
Neste

Stephanie Lippert