Spelemannslaget Laust og Fast
Foto: Evelyn Willmann
Spelemannslaget Laust og Fast er eit ungt og livleg spelemannslag frå Skaun og områda rundt. Laget består av unge utøvarar med stor glede for folkemusikk, tradisjon og samspel, og har Sturla Eide som musikalsk leiar.
Med røter i den lokale tradisjonen tek Laust og Fast vare på musikken frå området, samtidig som dei set sitt eige preg på han. Når mange unge spelemenn møtest i laget, blir resultatet eit stort og energisk lydbilete, med godt driv og mykje speleglede.
Laust og Fast kjem til å setje sitt preg på fleire delar av Aalesund Folk Festival, og blir å høyre jamt gjennom festivalhelga – både på konsertscena og når det skal spelast opp til dans.
Vi gler oss stort til å få denne unge og speleglade gjengen frå Trøndelag til Ålesund!