Stephanie Lippert

Stephanie Lippert er ein svensk mezzosopran og utdanna operasongar frå Operaakademiet i København. Ho er ein allsidig frilansartist som har sunge konsertar og roller i operaførestillingar i Noreg, Danmark og Sverige.

Ved sidan av arbeidet som operasongar og konsertsolist har ho lang erfaring som kyrkje- og gravferdssongar i Noreg. Saman med ektemann og kollega Hallvar Djupvik driv ho musikkverksemd gjennom selskapet Timbre AS, produserer Barnefest i Osen og arrangerer Operapub på Fabrikken Kulturscene ein gong i månaden.

Stephanie lagar og gir også ut eigen musikk, og spelar i bandet Trondgarden saman med Hallvar Djupvik. I tillegg leverer ho musikk til konsertar og ulike arrangement, og er aktivt engasjert i det lokale kulturlivet.

Under Aalesund Folk Festival blir Stephanie å høyre med eit eige innslag under hovudkonserten laurdag 12. september. Vi gler oss stort til å få den flotte stemma hennar på scena!

Neste
Neste

Nord Gudbrandsdal Toradergruppe