Nord Gudbrandsdal Toradergruppe
Nord Gudbrandsdal Toradergruppe er ei toradargruppe med hovudtyngda av musikarane frå Ottadalen. Gruppa vart starta av Jørn Kjetil P. Solbakken i 2022, og har sidan vakse til ein fast gjeng på 15 musikarar som er aktive gjennom heile året.
På få år har Nord Gudbrandsdal Toradergruppe markert seg sterkt på Landsfestivalen i gammaldansmusikk, med pallplass tre år på rad – to andreplassar og ein siger.
I spissen for gruppa står Jørn Kjetil P. Solbakken, ein merittert durspelar som sjølv har både andre- og tredjeplassar frå Landsfestivalen. Han spelar også i Skultbakkalaget, der nesten heile besetninga er å finne att i Nord Gudbrandsdal Toradergruppe. Skultbakkalaget har vunne orkesterklassa på Storefjelltreffen to gongar og gav i sommar ut plata «Læt te dans». Jørn Kjetil er dessutan leiar i Vågå Trekkspelklubb, som står bak den årlege Vågåtreffen.
Nord Gudbrandsdal Toradergruppe samlar musikarar frå eit aktivt og tradisjonsrikt folkemusikkmiljø, med speleglede og godt samspel i sentrum. Under Aalesund Folk Festival kjem heile gjengen vestover for å spele opp til dans – og vi gler oss stort til å få dei på scena!