Karuslaget
Karuslaget er ei gammaldansgruppe med Jon Amund Karusbakken i spissen. Gruppa spelte saman til dans for første gong under Landsfestivalen i gammaldansmusikk på Oppdal i 2025, og består av fem erfarne musikarar med solid forankring i gammaldans- og folkemusikkmiljøet.
På toradar finn vi Jon Amund Karusbakken, Geir Marius Thorud og Tormod Homstad. Karusbakken har lang fartstid som toradarspelar og er også ein dyktig kontrabassist, medan Thorud er ein allsidig spelmann på toradar, trekkspel og kontrabass, og Homstad har mellom anna gull frå NM på trekkspel.
På bass finn vi Jon Sverre Sætrom Thoresen, som også spelar trekkspel i Skultbakkalaget som no i sommar gav ut plata «Læt te dans». På gitar finn vi Svein Ove Brun, ein av dei fremste gitaristane i gammaldansmiljøet, med lang erfaring som både utøvar og akkompagnatør.
Både Jon Sverre og Svein Ove er dessutan med i Nord-Gudbrandsdal toradargruppe, som også kjem til Aalesund Folk Festival.
Med tre toradarar i front og eit solid komp på bass og gitar er det duka for skikkeleg gammaldans når Karuslaget spelar opp til dans under årets festival!