Thorud og Rudi

Geir Marius Thorud og Øystein Rudi er to markante tradisjonsberarar frå Gudbrandsdalen, med lang røynsle som spelmenn, kulturformidlarar og ambassadørar for norsk folkemusikk. Gjennom eit liv i musikken har dei vore med på å halde slåttetradisjonane levande, både som utøvarar og formidlarar.

Geir Marius Thorud er spelmann og allsidig musikar med torader og trekkspel som hovudinstrument. Han samarbeider med musikarar over heile Norden og er kjend som både gardsarbeidar og hestekøyrar. Kvar vinter tek han del i den tradisjonsrike lasskøyringa frå Gudbrandsdalen til Røros, der trekkspelet sjølvsagt er med på lasset.

Øystein Rudi er spelmann, kulturgardbrukar og drivkrafta bak Rudi Gard, ein viktig møteplass for kultur og folkemusikk. Han var med på å etablere Sør-Fron Spelemannslag, har vunne Landskappleiken tre gonger og motteke fire Spellemannprisar. Han har òg vore direktør for Gudbrandsdalsmusea og har gjennom fleire tiår arbeidd med levande kulturformidling.

Under Aalesund Folk Festival blir Thorud og Rudi å høyre i fleire samanhengar gjennom festivalhelga. Med fele, trekkspel og ei djup forankring i tradisjonsmusikken frå Gudbrandsdalen er dei med på å setje sitt preg på festivalen.

Forrige
Forrige

Karuslaget

Neste
Neste

No kan du bestille hotell og kjøpe billettar