No kan du bestille hotell og kjøpe billettar
Det nærmar seg Aalesund Folk Festival 10.–13. september, og førebuingane er i full gang. Skal du besøkje festivalen, er det lurt å vere tidleg ute med både overnatting og billettar.
Vi har inngått avtale med Thon Hotel Ålesund, som tilbyr rabatterte rom til festivaldeltakarar. Hotellet ligg sentralt i Ålesund og blir eit naturleg samlingspunkt gjennom festivalhelga.
Du finn informasjon om hotellavtalen og korleis du bestiller rom her:
Billettsalet er òg i gang! Festivalpass og billettar til dei ulike konsertane kan kjøpast gjennom Tikkio.
Vi ser fram til fire dagar med konsertar, dansespel, kurs og gode møte med folkemusikken i Ålesund. Vel møtt til den aller første utgåva av Aalesund Folk Festival!