Jorun Marie Kvernberg
Jorun Marie Kvernberg (f. 1979) er felespelar, hardingfelespelar, songar og komponist frå Elnesvågen i Hustadvika kommune. Ho er ein av dei fremste utøvarane innan norsk folkemusikk og er kjend både som soloartist og frå ei rekkje ensemble og samarbeid, mellom anna Majorstuen, Tindra, Unni Boksasp Ensemble, Trio Alde, Song Circus, NyNorsk Messingkvintett og duoen Kvernberg/Bjørdal saman med trekkspelar Kristina Farstad Bjørdal.
Kvernberg er utdanna ved Noregs musikkhøgskole, der ho studerte folkemusikk med fele og hardingfele som hovudinstrument. Gjennom karrieren har ho motteke to Spellemannprisar som utøvar og Edvard-prisen frå TONO for komposisjonen Då kom du. Dei siste åra har ho markert seg som ein etterspurd komponist med bestillingsverk for ei rekkje ensemble og musikarar.
Med utgangspunkt i den norske folkemusikktradisjonen skaper Kvernberg musikk som spenner frå det tradisjonsnære til det nyskapande. Som utøvar, komponist og arrangør har ho vore med på å utvide uttrykket i norsk folkemusikk, samstundes som ho har halde den levande tradisjonen i sentrum.
Under Aalesund Folk Festival blir Jorun Marie Kvernberg å høyre både på konsertar og til dansespel gjennom festivalhelga. Ho medverkar mellom anna på hovudkonserten laurdag, både som solist og som den eine halvdelen av duoen Kvernberg/Bjørdal saman med Kristina Farstad Bjørdal.