Britt Elise Skram

Britt Elise er ein av Romsdals mest markante felespelarar med tradisjonsmusikken frå Møre og Romsdal som sitt hovudfokus. Ho er utdanna ved Norges Musikkhøgskole og har utvikla eit sterkt og personleg spel der dei vare folketonane, fine valsar og spenstige springarar står i sentrum. Britt Elise er mykje nytta som soloutøvar, spelar ofte til dans – og har fleire gongar toppa resultatlister på kappleikar og festivalar. I 2024 kom hennar nyaste solo-plate DÅM, som vart nominert til Spellemannprisen i klassa tradisjonsmusikk.

Britt Elise blir å høyre på fleire av konsertane på festivalen. på torsdag dreg ho i gang ballet med festivalførespel, på laurdag spelar ho på hovudkonserten, og sundag er ho med på folkemusikkgudstenesta i Ålesund Kyrkje. I tillegg er ho med på dansespel med ulike grupper gjennom helga.


Forrige
Forrige

Carl Petter Opsahl

Neste
Neste

Ferdafolk