Ferdafolk

Ferdafolk kjem til Aalesund Folk Festival! Duoen består av Knut Ivar Bøe og Ingunn Linge Valdal, og under festivalen får publikum møte dei både på barnekonserten, dansespelet og hovudkonserten. På hovudkonserten skal dei opptre saman med Ålesund Kammerkor.

Samarbeidet mellom dei to starta under Olsokfestivalen i Valldal i 1995. Knut Ivar Bøe var invitert med bakgrunn i CD-en Ferdamann, og det kom ønske om at han skulle spele nokre slåttar saman med den lokale felespelaren Ingunn Linge Valdal, som nyleg var komen heim frå utdanning i Rauland. Det vart raskt tydeleg at fela og trekkspelet kledde kvarandre svært godt. Eit par planlagde slåttar voks snart til eit halvtimes program.

Då ein internasjonal trekkspelfestival i Chartres i Frankrike melde interesse kort tid seinare, vart duoen formalisert. Sidan har Ferdafolk arbeidd med å løfte fram den særmerkte storfjordmusikken og det rike slåttematerialet frå Sunnmøre.

Med leikne arrangement, uventa harmoniar og rytmiske innspel har dei gitt nytt liv til gamle sunnmørsslåttar. Resultatet er tradisjonsmusikk med både respekt for kjeldene, stor speleglede og eit tydeleg personleg uttrykk.

Vi gler oss stort til å få Ferdafolk på scena under Aalesund Folk Festival!


Forrige
Forrige

Britt Elise Skram

Neste
Neste

Jo Asgeir Lie - Årets festivalkomponist