Jo Asgeir Lie - Årets festivalkomponist
Jo Asgeir Lie er ein sentral skikkelse i norsk folkemusikk, som musikar, komponist og pedagog. Han er kjend frå Kvarts, der han har vore med å prege sjangeren gjennom ei rekkje utgjevingar og konsertar, og han har motteke to Spellemannprisar.
I dag er han rektor ved Ole Bull Akademiet på Voss, og har gjennom ei årrekkje kombinert kunstnarleg arbeid med utvikling av folkemusikkfeltet i Noreg.
Som festivalkomponist under Aalesund Folk Festival 2026 vil Lie presentere ny musikk i samspel med festivalen sine utøvarar. Prosjektet vil stå sentralt i programmet, og gi publikum eit unikt møte med nyskapt folkemusikk.